Nissedal prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°09′40″N 8°30′22″E / 59.1610871535°N 8.5060669041°E / 59.1610871535; 8.5060669041

Nissedal prestegard
Foto: Jan-Tore Egge

Nissedal prestegard er ein gamal prestebustad som ligg like ved Nissedal kyrkje.

På prestegardstunet står fem freda bygningar: hovudbygning, drengestove, driftsbygning, vognskjul og stabbur. Stabburet, frå 1300-talet, er eldst. Dei andre bygningane ber preg av 1800-talet. Drengestova har tidlegare vore forpaktarbustad og vart bygd omkring 1850, medan det om lag jamgamle vognskjulet vert nytta som garasje. Nøyaktig alder på driftsbygningen er ukjend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nissedal prestegard
Spire Denne Telemarkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.