Nomogram
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit nomogram er eit grafisk hjelpemiddel for utrekningar. Det er eit todimensjonalt diagram som let ein tilnærme utrekninga av ein funksjon grafisk. Feltet nomgrafi vart oppfunnen i 1884 av den franske ingeniøren Philbert Maurice d’Ocagne (1862-1938) og mykje nytta i mange år av ingeniørar som ønskte raske grafiske utrekningar av kompliserte formlar. Nomogram nyttar eit parallelt koordinatsystem oppfunnen av d'Ocagne i staden for eit standard kartesisk koordinatsystem.
Nomografi er ei systematisk utnytting av grafiske metodar til å skildre samanhengen mellom to eller fleire matematiske eller fysiske storleikar ved hjelp av diagram eller nomogram.
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Nomogram» frå Wikipedia på engelsk, den 16. januar 2012.
- nomografi. (2012-01-16) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/nomografi