Nordfjorden i Risør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nordfjorden er ein del av Søndeledfjorden i Søndeled herad (No Risør kommune) i Aust-Agder. Han er den delen av fjorden som ligg på nordsida av øya Barmen i Søndeled, som ligg like nordvest for sjølve Risør. Nordfjorden er litt over 7 km lang og held fram vidare som Søndeledfjorden vestover og inn til Søndeled, og som Rødsfjorden ned til Sørfjorden i Søndeled som går på sørsida av Barmen.

Sørsida av fjorden, eller nordsida av Barmen, er ei relativt rett kyststrekning, men på nordsida av fjorden er det langt fleire bukter og viker. Dei største av desse er Kjødvika og Sivikkilen.