Nordgulfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordgulfjorden er ein fjordarm av Gulafjorden i Gulen kommune på sørsida av Sognefjorden. Han har ei lengd på 4 km og strekk seg frå sør til nord.
Fjorden har innløp mellom Øskjeneset i aust og Bøneset i vest. To nes stikk ut i fjorden frå austsida, Mjåneset i sør og Skarpeneset lenger nord. Ved Skarpeneset er fjorden berre 50-60 meter brei. Nord for Skarpeneset vert fjorden kalla Nordgulvågen og her ligg bygda Nordgulen.
Riksveg 57 går langs austsida av fjorden, medan fylkesveg 7 går på vestsida.
Sør for Øskjeneset ligg innløpet til Austgulfjorden.