Nordisk Råds filmpris
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordisk Råds filmpris er ein filmpris som vert utdelt av Nordisk Råd til manusforfattarar, regissørar og produsentar i dei nordiske landa. Filmprisen har vorte delt ut åtte gonger sidan 2002.
Prispengane er på 350 000 danske kroner, som skal delast mellom manusforfattar, regissør og produsent. Kvart nordiske land kan stilla med to kandidatar kvar. Dette utgjer inntil ti nominerte filmar til kvar utdeling. Fram til dags dato har ein norsk film aldri vunne prisen.
Innhaldsliste |
Tildelingar[endre]
- 2011: Skyggesiden (regi: Pernilla August), Sverige[1]
- 2010: Submarino (regi: Thomas Vinterberg), Danmark[2]
- 2009: Antichrist (regi: Lars von Trier), Danmark
- 2008: Du levande (regi: Roy Andersson), Sverige
- 2007: Kunsten å gråte i kor (Regi: Peter Schønau Fog), Danmark
- 2006: Zozo (regi: Josef Fares), Sverige
- 2005: Drapet (regi: Per Fly), Danmark
- 2002: Mannen uten minne (regi: Aki Kaurismäki), Finland
Nominerte frå Noreg[endre]
- 2011: Oslo 31. august (Regi: Joachim Trier)
- 2010: Upperdog (Regi: Sara Johnsen)[3]
- 2009: Nord (Regi: Rune Denstad Langlo)
- 2008: Mannen som elsket Yngve (Regi: Stian Kristiansen)
- 2007: Reprise (Regi: Joachim Trier) og Sønner (Regi: Erik Richter Strand)
- 2006: Slipp Jimmy fri (Regi: Christopher Nielsen) og Den brysomme mannen (Regi: Jens Lien)
- 2005: Hawaii, Oslo (Regi: Erik Poppe) og Vinterkyss (Regi: Sara Johnsen)
- 2002: Alt om min far (Regi: Even Benestad) og Musikk for bryllup og begravelser (Regi: Unni Straume)
Kjelde[endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Nordisk Råds filmpris» frå Wikipedia på bokmål, den 17. oktober 2011.
Referansar[endre]
- ↑ «Sverige vant Nordisk Råds Filmpris», Aftenposten 17. oktober 2010
- ↑ «Nordisk råds filmpris til Submarino», Aftenposten 20. oktober 2010
- ↑ «Upperdog» nominert til Nordisk råds filmpris (2010-08-24).