Thomas Vinterberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Vinterberg fotografert på den 40. internasjonale filmfestivalen i Karlovy Vary i Tsjekkia.

Thomas Vinterberg (fødd 19. mai 1969) er ein dansk filmregissør og manuskriptforfattar, fødd i København.

Thomas Vinterberg er vidgjeten for at han, saman med den danske regissøren Lars von Trier, i 1995 tok initiativet til skipinga av eit dansk kollektiv av filmregissørar som kalla seg Dogme95, som skulle stå fram som ei motkraft til kommersialiseringa av spelefilmen og den store interessa for spektakulære effektar i filmane som fylgde med kommersialiseringa. Dogme95 og dei såkalla dogmefilmane som kollektivet tok til orde for å skape, skulle setje soga og skodespelet i framgrunnen i filmen, i motsetnad til sjølve mediet. Dette vart av Lars von Trier og Thomas Vinterberg formulert slik at filmregissørar skulle gje ti lovnader om å syne spesifisert «kysk framferd» i måten filmane vart produsert på.

Thomas Vinterberg var i 1998 ferdig med den fyrste av dogmefilmane, Festen, som han fekk stor nasjonal og internasjonal åtgaum for. Filmen vart synt på filmfestivalen i Cannes og er tatt opp i den danske Kulturkanonen.[1]

Thomas Vinterberg var 16 år då han søkte Københavns Filmværksted om å få lage ein kinofilm, og det vart gjort ei avtale om ein 45 minutt lang film som fekk namnet Sneblind. Men ei rad uheldige omstende gjorde at det tok fire år før Vinterberg fekk Sneblind ferdig. Denne filmen spelte ei avgjerande rolle for at Thomas Vinterberg i 1989 kunne søkje og kome inn på Den Danske Filmskole i København som den yngste av alle elevar skulen har hatt.

I 2010 vart Vinterberg tildelt Nordisk Råds filmpris for Submarino og i 2013 fekk han prisen for Jagten.[2][3][4]

Filmar og videoar[endre | endre wikiteksten]

  • Sneblind, 1990
  • Drengen der gik baglæns, 1994
  • De største helte, 1996
  • Festen, 1998 eller The Celebration
  • It's all about love, 2003
  • Dear Wendy, 2005
  • En mand kommer hjem, 2007
  • The Day That Never Comes, 2008 (musikkvideo)
  • Submarino, 2010
  • Jagten, 2012

Referansar[endre | endre wikiteksten]