Norman Thomas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Norman Thomas

Norman M. Thomas (20. november 18849. desember 1968) var ein leiande amerikansk sosialist, pasifist, og presidentkandidat for Det amerikanske sosialistpartiet seks gonger.

Thomas var son av ein protestantisk prest i Marion, Ohio. Han gjekk ut Princeton-universitetet i 1905, og tok så eit teologisk seminar, der han blei sosialist. Han var ferdig utdanna som prest i 1911, og arbeidde i East Harlem i New York.

Thomas gjekk imot USA si deltaking i første verdskrigen. Etter krigen var han ein av grunnleggjarane av American Civil Liberties Union ACLU. Han stilte som sosialistisk kandidat ved guvernørvalet i New York i 1924. Etter at Eugene Debs døydde i 1926 blei han sosialistpartiet sitt fremste ansikt utetter, og presidentkandidat i 1928, 1932, 1936, 1940, 1944 og 1948.

Norman Thomas var ein artikulert og engasjerande talsperson for demokratisk sosialisme. Han klargjorde skilnaden mellom demokratisk sosialisme og tradisjonell kommunisme, som han tok skarpt avstand frå.