Norner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For orkidéarten, sjå plantearten norne.
Norneskulptur ved Ribe VikingeCenter

Norner var lagnadsgudinnene i norrøn mytologi. Dei var alltid tilstades når eit barn vart fødd, og avgjorde kva lagnad barnet skulle få.[1] Dei tre hovudnornene heitte Urd, Verdande og Skuld. Urd stod for fortid, Verdande stod for notid, og Skuld stod for framtid. Desse vert kalla dei tre nornene.[1]

I mange høve er Urd eller Wyrd rekna som den førande av dei tre, og dei to andre er rekna som aspekt av Urd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Fosmark, Kjellrun; Moe, Åse (1998). Guder, volver og sjamaner: en sammenlignende reise i gresk, norrøn og samisk mytologi. Huitfeldt forlag. s. 137–138. ISBN 8270031992.