Norsk Måldyrkingslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk Måldyrkingslag
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer991597107
Skipa20. oktober 1928

Norsk Måldyrkingslag (Akademi for Det Norske Målet) er eit lag skipa i 1928 med føremål om å granska og dyrka det norske målet. Tuftinga skjedde etter opptak av Studentmållaget i Oslo. Laget har med ujamne mellomrom gjeve ut årboka «Fram då, frendar», og har dessutan prenta ein del fagordlister. Det var Norsk Måldyrkingslag som fyrst gjorde framlegg om Norsk Ordbok. Ansvaret for dette arbeidet vart i 1945 overteke av Det Norske Samlaget.

Lars Eskeland var den fyrste leiaren av laget. Av andre leiarar kan ein nemna Sigurd Kolsrud, Severin Eskeland (1880-1964), Elias Berdal og Knut Robberstad. Medlemstalet har variert gjennom tidene. I 2013 låg det på rundt 40.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aarnes, H. (1959). Norsk Måldyrkingslag. I Norsk allkunnebok. IX. bandet (s. 32). Oslo: Fonna Forlag.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Grepstad, Ottar. «Norsk Måldyrkingslag». Store norske leksikon. Henta 20. oktober 2023.