Norsk Ornitologisk Forening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Norsk Ornitologisk Forening (NOF) er ein ideell samskipnad stifta i 1957 med viktigaste oppgåve å syte for vern av fuglar. Samskipnaden arbeider for vern av naturen, særleg fuglefaunaen, og for å fremme interessa for og betre kunnskapen om fuglar, samt å stimulere til ulike ornitologiske aktivitetar. Han er òg eit bindeledd mellom fugleinteresserte i Noreg. Samskipnaden arrangerer turar og foredrag.

NOF er organisert med fylkesvise avdelingar som igjen er delt inn i lokallag med ansvar for lokal drift.

Frå 1992 har NOF hatt partnarskap med den internasjonale alliansen av søstersamskipnadar, Birdlife International.

NOF er ein av 5 organisasjonar som samarbeider med Artsdatabanken om å drive Artsobservasjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]