Nykkjesøyfossen

Koordinatar: 60°20′34″N 06°47′24″E / 60.34278°N 6.79000°E / 60.34278; 6.79000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°20′34″N 06°47′24″E / 60.34278°N 6.79000°E / 60.34278; 6.79000

Nykkjesøyfossen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Kart
Nykkjesøyfossen
60°20′34″N 6°47′24″E / 60.34277725°N 6.78999996°E / 60.34277725; 6.78999996

Nykkjesøyfossen er ein foss danna av elva Kinso som ligg i Husedalen ovanfor Kinsarvik i Ullensvang kommune i Vestland.

Når ein går oppover Husedalen frå Kinsarvik, er Nykkjesøyfossen den tredje fossen ein møter, etter Tveitafossen og Nyastølsfossen. Dersom ein går vidare frå Nykkjesøy, kjem ein til Søtefossen. Nykkjesøyfossen er også den minste av desse fire.

I tillegg til turstien opp Husedalen går det også skogsveg frå Kinsarvik og heilt opp til Nykkjesøy.