Nyplatonismen, det guddomlege arbeid
Nyplatonismen, det guddomlege arbeid er ei bok i bokklubben sin serie Verdens Hellige Skrifter, redigert av Ingemund T. Askeland og utgjeven i 2010. Boka inneheld tekstar frå nyplatonismen, slik han stod fram frå 200-500-talet. Tekstutvalet er gjort for å «gje eit visst innsyn i grunnleggjande trekk ved filosofien samstundes som det er lagt vekt på å presentere nyansane i den religiøse tenkinga».[1]
Nyplatonismen var ei filosofisk-religiøs retning som oppstod i seinantikken på 200-talet. Han sameinar element frå nypythagoreisme, filosofien til Platon og orientalsk utløysingslære.[2] Sjølve omgrepetnyplatonisme vart fyrst innført i nyare tid for å identifisere og skilja ut denne platonske tradisjonen som vart initiert av Plotin og i sin heidenske form varte fram til 500-talet.[1]
Nyplatonikarane oppfatta kosmos som eit hierarkisk ordna system av verekategoriar med grader av fullkommenskap, heilt ned til materien, det vonde prinsipp. Gud kan berre erkjennast i ekstasen, som er den høgaste erkjenningsformen. Deretter kjem intuisjonen og i tredje rekke den vanlege logiske tenkinga. Den lågaste kunnskapsformen er den sansane gjev oss.[2]
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Boka har fem hovudavsnitt, der det siste er størst og omfattar halve boka. Dei lengste enkelttekstane er Dei kaldeiske orakla og Om mysteria av Jamblikos.
- Grunnleggjande filosofi
- Einskap og mangfald
- Tekstar av Proklos og Damaskios
- Platon og den guddommelege filosofi
- Proklos: Innleiing til Platonsk teologi
- Om gudenamn og gudebilete
- Tekstar av Proklos og Porfyrios
- Tanke eller tru: teurgi og den filosofiske gudekulten
- De kaldeiske orakla, Proklos' Om det heilage handverket, Jamblikos' Om mysteria, og andre tekstar av Profyrios, Proklos og keisar Julian
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 Kjelde for sitat og vurderingar er Ingemund T. Askeland si innleiing til Nyplatonismen, 2010, s.IX-LVI, her s.LV.
- ↑ 2,0 2,1 nyplatonisme hjå Store norske leksikon
- Denne artikkelen bygger på «Nyplatonismen, det guddomlege arbeid» frå Wikipedia på bokmål, den 13. oktober 2021.
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
- Nyplatonismen, det guddomlege arbeid. Utval og innleiande essay ved Ingemund T. Askeland. Bokklubben, 2010. LVI, 449 sider. (Verdens Hellige Skrifter; 61). ISBN 978-82-525-7139-4