Ole Einar Bjørndalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ole Einar Bjørndalen våren 2007

Ole Einar Bjørndalen (fødd 27. januar 1974) er ein norsk skiskyttar frå Simostranda i Modum i Buskerud. Bjørndalen er ein av tidenes mestvinnande vintersportsutøvarar, og ingen annan utøvar med ski på beina har fleire verdscupsigrar enn Bjørndalen.

I 1998 vart Bjørndalen tildelt Aftenpostens Gullmedalje for skiskytinga si. I OL i Salt Lake City i 2002 vann han alle fire konkurransane, og dette vert rekna som hans beste meisterskap. Etter dette OL vart han foræra med både Fearnleys olympiske ærespris og Egebergs Ærespris.

Bjørndalen bur i Toblach i Sør-Tirol i Italia saman med kona Nathalie Santer som òg er skiskyttar på elitenivå. Broren Dag Bjørndalen har òg vore skiskyttar på elitenivå.

[endre] Meritt

Pr. 20 februar 2009

Olympiske Vinterleikar

  • 5 gull
  • 3 sølvmedaljer
  • 1 bronsemedalje

VM i skiskyting

  • 13 gull
  • 10 sølvmedaljar
  • 9 bronsemedaljar

Verdscupen samanlagt

  • 6 sigrar

Verdscupen (enkeltrenn)

  • 88 sigrar

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk