Olenekium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Olenekium (òg kalla yongningzhenium) er den andre alderen i tidleg trias. Han strekkjer seg frå mellom 249,7 ± 0,7 millionar år sidan og 245 ± 0,7 millionar år sidan. Olenekium er igjen delt inn i smithium og spathium. Starten er definert til første gong ammonittane hedenstroemia eller Meekoceras gracilitatis og conodonten Neospathodus waageni dukkar opp. Sluten er definert til då slektene Japonites, Paradanubites og Paracrochordiceras, samt conodonten Chiosella timorensis dukkar opp. Archosauria, ei gruppe som utgjer krokodillar, flygeøgler, dinosaurar og til slutt fuglar, er krypdyr som først dukka opp frå archosauriformes under olenekium.

Alderen er kalla opp etter Olenjok i Sibir.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Trias
Nedre/tidleg trias Mellomtrias Øvre/sein trias
Indusium | Olenekium Anisium | Ladinium Carnium | Norium
Rhaetium