Optimalitetsteori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjematisk framstilling av optimalitetsteorien (OT). Forklaring: GEN = Generator, CAND = Candidates (kandidatar), EVAL = Evaluation (evaluering), C = Constraints (avgrensingar).

Optimalitetsteori (OT) er ein generativ lingvistisk teori som postulerer at observerbare språklege einingar oppstår gjennom ein interaksjon mellom motstridande avgrensingar (engelsk constraints). Teorien blei opphavleg føreslegen i 1993 av dei amerikanske lingvistane Alan Prince (1946–) og Paul Smolensky (1955–) og John J. McCarthy (1953–).[1][2]

Teorien har tre grunnleggjande komponentar, som knyter i hop ein djupstruktur (DS) / underliggjande representasjon (UR) og ein overflatestruktur (OS) / fonetisk representasjon (FR):

  1. GEN (generator) genererer ei uendeleg mengd med alternative utdata, eller kandidatar
  2. CON (constraints eller innskrenkingar) er ei ordna liste med avgensingar som blir nytta til å velje mellom kandidatane
  3. EVAL (evaluator) vel den optimale kandidaten

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Prince, Alan and Paul Smolensky. (1993/2002/2004): Optimality Theory: Constraint Interaction in Generative Grammar. Blackwell Publishers (2004) [1](2002). Technical Report, Rutgers University Center for Cognitive Science and Computer Science Department, University of Colorado at Boulder (1993).
  2. McCarthy, John and Alan Prince (1993): Prosodic Morphology: Constraint Interaction and Satisfaction. Rutgers University Center for Cognitive Science Technical Report 3.
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.