Pål Sæthrang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pål Sæthrang
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juni 1945
Død

18. september 2004 (59 år)

Idrett fotball

Pål Carsten Sæthrang (10. juni 194518. september 2004) var ein fotballspelar frå Oslo som spelte i angrepet til fotballklubben Skeid frå 1963 til 1969. Han var med å vinne cupfinalen i 1963 og i 1965, i 1966 vart han seriemeister. Sæthrang deltok i 6 landskampar i tida mellom 1967 og 1969.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vorte norsk juniormeister med IK Skeid i 1962, var Sæthrang toppskårar då Skeid i 1963-sesongen enda på tredjeplass i 1. divisjon. Sesongen vart avslutta med cupfinale mot Fredrikstad FKUllevaal stadion. I det 118. minutt skåra Sæthrang og syrgde for Skeid-triumf 2–1. To år seinare skåra han det andre målet då Skeid vann 2–1 over SK Frigg i NM-finalen 1965. I 1966 vart Skeid seriemeister for fyrste og siste gong. Med sine 10 nettkjenningar var Sæthrang var meisterlaget sin toppskårar.

Etter beinbrot i april 1970 valde Sæthrang å spele på Kvik Halden sitt lag i 3. og 4 divisjon dei to komande åra. Frå 1973 skulle han på ny vere Skeid-spelar, men vedvarande skade-plager gjorde at han la opp.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Sæthrang debuterte på det norske landslaget 24. september 1967. På Ullevaal stadion skåra Danmarks Erik Dyreborg fem gongar i løpet av 25 minutt, utan at Noregs mannskap makta skåra på 90 minutt. Det skulle gå nesten to år før Sæthrangs neste landskamp. Hausten 1969 spelte han 5 landskampar. 21. september skåra han sitt einaste landslagsmål då Noreg slo nettopp Danmark 2–0 på Ullevaal stadion.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Noregsmeister: 1963 og 1965 med IK Skeid
  • Seriemeister: 1966 med IK Skeid
  • Sølv i seriemeisterskapen: 1967 med IK Skeid
  • Bronse i seriemeisterskapen: 1963 med IK Skeid

Kjelder[endre | endre wikiteksten]