Papins gryte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denis Papins gryte (1679)

Papins gryte er ein lukka kjel med tryggleiksventil for koking under høgare trykk, seinare utvikla til autoklaven og den moderne trykkokeren. Med denne ville Dennis Papin koke bein til eteleg mat for dei fattige. Papin oppdaga at kokepunktet til vatnet er avhengig av trykket. Han bygde ein undervassbåt og fann opp sentrifugalpumpa. I dei siste åra av livet sitt var han oppteken med konstruksjon av dampmaskinar, som han fekk til å fungere, men dei var så kompliserte at dei aldri fekk noko praktisk bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]