Parabolsk spegel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sirkelforma paraboloide

Ein parabolsk spegel eller reflektor er ein hogspegel eller ei reflekterande flate med parabeltverrsnitt. Slike reflektorar vert nytta til å fange eller sende energi som lys, lyd eller radiobølgjer. Forma er ein del av ein sirkelforma paraboloide, altså ei flate som er skapt av ein parabel som roterer om sin eigen akse. Den parabolske reflektoren omformar ei innkomande planbølgje som flyttar seg langs aksen til ei sfærisk bølgje som samlar seg i fokus.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]