Partikularisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Partikularisme, frå lat. jf. partikulær, er eit omgrep som kan brukast innan ulike felt om særbehandling av noko.

Partikularisme kan til dømes gå ut på at det ikkje finst nokre generelle eller alltid gyldige moralske prinsipp. Kva som er rett handlemåte vil i staden avhenga av situasjonen.

Ei anna form for partikularisme er det å hevde eller tilgodesjå særinteresser på kostnad av interessene til ei større gruppe.

Eit motsett omgrep er universalisme.