Pedro Pires

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pedro Verona Rodrigues Pires.

Pedro Verona Rodrigues Pires (fødd 29. april 1934) er ein kappverdisk sosialistisk politikar som var president på Kapp Verde frå mars 2001 til september 2011. Han etterfylgde då António Mascarenhas Monteiro.

Før han vart president, var han statsminister frå Kapp Verde sitt sjølvstende i 1975 til 1991, då han vart slått i det fyrste fleirpartivalet i landet.

Pires stilte til val for ein andre periode i presidentvalg som vart helde 12. februar 2006. I dette valet slo han tidlegare statsminister Carlos Veiga og oppnådde 50,98 % av stemmene.