Permutasjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I matematikk er ein permutasjon ei endring av rekkefølgja av elementa i ei liste. Eit døme på ein permutasjon finn ein i kortspel. Dei 52 korta i ein kortstokk ligg ordna etter kvarandre. Stokkar ein korta, blir rekkefølgja endra, og dette er då ein permutasjon av korta.
Definisjon [endre]
Dei to følgjande definisjonane av ein permutasjon er ekvivalente:
- I kombinatorikk definerast ein permutasjon som ei ordning av elementa i ei mengd. Til dømes er (b,c,a) og (c,b,a) to ulike permutasjonar av mengda {a,b,c}.
- I gruppeteori er ein permutasjon ei bijektiv avbilding mellom ei mengd og seg sjølv.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Permutasjon» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2012.