Petter Eide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petter Eide

Petter Eide (fødd 15. august 1959) er ein norsk politikar for Sosialistisk Venstreparti, stortingsrepresentant frå 2017.

Eide er utdanna sosialantropolog ved Universitetet i Oslo, der han tok hovudfag i 1994. Han vart kjend for allmenta då han i perioden 2000-07 var generalsekretær i Amnesty Norge. Sidan hadde tilsvarande stilling ei kort tid i Care International Norge og frå 2008 til 2011 i Norsk Folkehjelp.

Ved stortingsvalet 2017 var Eide Oslo SV sin andrekandidat. Etter han vart vald inn på Tinget, fekk han sete i Justiskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]