Pierre Nkurunziza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pierre Nkurunziza (fødd 18. desember 1963) er president i Burundi og sitt i styret i Conseil National Pour la Défense de la Démocratie–Forces pour la Défense de la Démocratie (CNDD-FDD). Han blei fødd i Burundis hovudstad Bujumbura. Han studerte ved universitetet i Burundi og i 1990 blei han ferdig med studia sine.

Nkurunziza var forelesar ved universitetet i Burundi da borgarkrigen i Burundi braut ut som følgje av drapet på Burundis første Hutu president Melchior Ndadaye i 1993. Han blei med i CNDD-FDD i 1995. Han steg raskt i gradene og blei vise-generalsekretær i 1998.

Før valet i 2005 blei han nominert som CNDD-FDDs presidentkandidat. Han blei valt til president av parlamentet 19. august og overtok vervet som president 24. august.