Piksel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I den auka delen av dette biletet kan ein sjå dei einskilde pikslane som kvadrat
Nærbilete av ein LCD-skjerm der dei tre underpikslane som kvar piksel er sett saman av er synlege (avlange raude, grøne eller blåe element)

Pikslar eller biletelement (frå engelsk pixel) er den minste eininga i digitale bilete og skjermar som kan setjast til ein viss let og ljosstyrke. Vanlegvis er verdet til ein piksel oppgjeve i RGB-format, med eit verde for raud (R), grøn (G) og blå (B) styrke.

Det engelske namnet pixel kjem frå picture element.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«piksel» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 5. august 2023.

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.