Plagiat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Plagiat vil seie å kopiere kva andre har sagt, skrive eller spelt inn, og på alle moglege slags måtar distribuere dei offentleg. Spesielt blant forfattarar, musikarar og oppfinnarar har dette fenomenet vore utbreidt. Òg diverse oppfinningar har vorte plagiert opp gjennom tidene. Fenomenet plagiat - eller plagiering - gjeld forøvrig berre ferdige produkt. Vanlegvis gjev åndsverkslova automatisk copyright til ferdige produkt, som til dømes bøker, komposisjonar og andre ting. Uferdige produkt, som til dømes idéar, vert ikkje råka av verken copyright eller åndsverkslova.