Plan i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
To plan som skjer kvarandre i eit tredimensjonalt rom.

Ei plan flate i matematikk kan definerast på forskjellige måtar, til dømes som ei mengde punkt med den eigenskapen at ei rett linje som går gjennom to punkt i mengda har alle sine punkt i denne mengda, og det inneheld minst tre punkt som ikkje ligg på ei rett linje. Gjennom tre punkt som ikkje ligg på ei rett linje kan det alltid leggast eit plan. Frå definisjonen følgjer at eit plan alltid har uendeleg utstrekking i alle retningar i planet. I analytisk romgeometri vert eit plan definert ved ei lineær likning

mellom dei tre romkoordinatane x, y og z.

Ein figur eller kurve vert sagt å vere plan vis alle punkt i figuren eller kurva ligg i same plan. Plangeometri er læra om plane figurar.

Ein plan graf, òg kalla planar eller planær graf, er i grafteorien ein graf som kan teiknast i eit plan slik at kantane ikkje skjer kvarandre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]