Plaster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit vanleg sårplaster
Undersida til eit sårplaster
Opna underside som viser limflata og gaskompressen som dekkjer sårflata

Sårplaster (ofte berre kalla plaster) er ein liten bandasje som vert brukt på små sår eller skadar som ikkje treng større bandasjar. Sårplasteret vart oppfunnen av Earle Dickson i 1920.

Eit sårplaster har til vanleg ein absorberande kompress, gjerne laga av gas eller liknande materiale, og som ofte er tilsett eit antiseptisk stoff. Kompressen er festa til ein strimmel av tettvevd stoff, plast eller latexgummi som er dekt av eit klebande stoff. Før bruk er limflata dekt av plast som er lett å fjerna. Plasteret vert festa slik at kompressdelen dekkjer sårflata, men utan å kleba seg fast. Limflatene festar seg til huda omkring og hindrar at det kjem forureining til såret.