Poker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pokerspel.
Foto: Liface

Poker er eit namn på fleire typar kortspel der spelarane utfører veddemål i ein sentral pott om kven som har den beste kortkombinasjonen. Det er om å gjera å samla seg fem kort som i følgje spelereglane har ein høgare verdi enn den til dei andre spelarane, eller å få dei andre spelarane til å kasta korta. Det finst mange utgåver av spelet. Skilnaden kan til dømes gå på om alle korta som er med i spelet er skjulte, eller berre nokre av dei.

Poker oppstod i USA, og er til dømes kjend frå forteljingar frå det Ville Vesten. Spelet er framleis svært populært i til dømes amerikanske kasino, men har også spreidd seg utover heile verda. Poker har røter til Europa, som dei romanske primiera (italiensk), primero (spansk), eller prime (fransk), men liknar også på det gamle persiske spelet nas.

Medan poker hovudsakleg blir spela andlet til andlet, er det i nyare tid blitt mogleg å spela nett-poker på Internett, eller sjå videooverføringar av pokerturneringar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Poker
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.