Polytonalitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mozart nytta polytonalitet på ein komisk måte i Ein Musikalischer Spaß. Seinare i musikkhistoria blei polytonalitet eit viktig og seriøst verkemiddel Play 

Polytonalitet er bruken av fleire toneartar samstundes innan musikk. Når det er snakk om akkurat to toneartar samstundes, nyttar ein ofte nemninga bitonalitet. Eit velkjent eksempel på dette finn ein i balletten Petrusjka av Igor Stravinskij. I den andre delen blir det spelt ein fanfare der fyrsteklarinetten speler ein melodi på tonane i ein C-durakkord, medan andreklarinetten speler den same melodien på tonane i ein F#-durakkord. Her let det dissonerande, men polytonalitet kan i andre tilfelle òg konsonera.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]