Pop-pønk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pop-pønk er musikk som er ei blanding av pop og pønk, altså meir melodisk pønk eller meir bråkete pop. Nemninga har spesielt vore brukt om band som var aktive rundt 2000 og i 2000-åra, men har i ettertida òg vore brukt om framtredande grupper frå 1970-talet, som The Ramones.

Blant nyare namn kan ein nemna The Offspring og Green Day, begge grupper som byrja som konvensjonelle pønkband før dei respektive suksessalbuma deira Smash og Dookie frå midten av 1990-talet var kjennemerka av meir melodiske songar enn dei tidlegare albuma. Seinare pop-pønkgrupper som Blink-182, Good Charlotte og Sum 41 har frå dei slo gjennom hatt ei meir melodisk, «poppa» tilnærming til pønkmusikken.

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.