Post mortem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Post mortem, frå latin: etter døden, er eit uttrykk som har fire hovudtydingar:

  1. Ved tildeling av heider. Når heidersteikn blir delt ut post mortem, så blir i praksis heidersteiknet eller medaljen overrekt til den avdøde si næraste familie.
  2. Juridisk: oppreising for ei feilaktig strafferettsleg domsavgjerd. Frikjenning post mortem (Reinvasking av ein avdød sitt rykte).
  3. I samband med rettsmedisinske undersøkingar: Skader på offeret som har skjedd etter at offeret døydde.
  4. Alminneleg, engelsk kortform av post mortem examination, (engelsk: autopsy / norsk: autopsi), likskue eller obduksjon.

Innan medisin og kriminologi blir også det latinske uttrykket «ante mortem» - før døden - brukt.