Postiljong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stikk frå 1793 som syner ein postiljong som føre dei to fremste hestane. Dei bakre hestane vert styrt av ein kusk.
Ein postiljong styrer hesten som fører vogna til dronning Elizabeth i London i 2007.

Ein postilijong var ein person som styrte ei hestevogn eller postchaise sitjande på ein av trekkhestane.[1] Ein kusk sit til samanlikning på sjølve vogna i lag med passasjerane.

Postiljongen sat vanlegvis på den venstre hesten fordi hestane vanlegvis berre vert trent til å bli påstigd frå venstresida. [2][3] Om det var fire hestar som drog, med to i breidda, kunne det stundom vere to postiljongar, ein for kvart par,[4] eller ein postiljong på den venstre bakre hesten for å kontrollere alle fire.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]