Presenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Presenning over ein båt.

Presenning er ein kraftig duk som vert nytta for å dekka over og verna ulike ting mot ver og vind. Presenningar er laga av vasstett materiale, som til dømes kanvas eller polyester dekt med ei eller anna form for plastmateriale.

Presenningar vert nytta til å dekka og halda på plass stykkgods under transport og lagring, til å verna båtar i opplag mot regn og snø osb. På byggjeplassar nyttar ein ofte presenningar for å verna materialstablar og andre byggmaterialar.