Rødøya i Rødøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rødøya
Geografi
Norway - Rødøya, Rødøy.png
Stad Helgeland
Koordinatar 66°40′28″N 13°04′10″EKoordinatar: 66°40′28″N 13°04′10″E
Areal 8,2 km²
Høgaste punkt Rødøyløva (443 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland
Demografi
Folketal 175 (2001)
Folketettleik 21 /km²

Rødøya er ei øy i Rødøy kommune i Nordland. Øya ligg utanfor munningen av Tjongsfjorden, mellom Rødøyfjorden i vest og Oterværfjorden i nord. Rødøya har eit areal på 8,2 km², og det høgaste punktet på øya er Rødøyløva på 443 moh. Øya hadde 175 innbyggjarar i 2001.

Rødøya var tidlegare kommunesenter i Rødøy kommune. På øya ligg Rødøy kyrkje frå 1885. Malin Arntsen fekk i 2006 Nordland fylkeskommune sin næringslivspris for kvinner for arbeidet med Klokkergården Gjestgiveri. Klokkergården vart bygd i 1906 og vart restaurert i 1997.

Rødøy kommune sitt kommunevåpen er inspirert av Rødøyløva på Rødøya. Øya har òg eigen butikk. Postnummeret til Rødøya er 8193 RØDØY.

Nordlandsekspressen mellom Sandnessjøen og Bodø har dagleg anløp av Rødøya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]