Røværulukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minnesmerket som vart sett opp 100 år etter ulukka. Det står på skjeret der vrakrestar, og nokre av dei omkomne vart funne.

Røværulukka råka øysamfunnet Røvær i Rogaland fredag 13. oktober 1899. 30 personar omkom då skøyta dei var ombord i kollsegla på veg heim frå ei gravferd i Haugesund.

Då Røvær ikkje hadde eigen gravstad måtte dei til Udland kyrkjegard i Haugesund når nokon skulle jordfestast. Den 13. oktober var det 31 peronar som var om bord då skøyta med gravfyljet starta frå Røver. Dei hadde stor og velprøvd listerskøyte. Veret var bra. Då dei skulle på heimveg etter gravferda, vart ein i gravfølgjet att i byen. Veret hadde hardna på. Det var storm og haglbyer med orkan i kasta.

Ingen veit korleis det bar til, men skøyta forliste, og alle 30 om bord omkom. Då vraket vart funne var både mast og ror sundbrote. Folket på Røvær fekk ikkje kjennskap til ulykka for søndag, då ei skøyte som var ute og leita møtte Dampskipet « Avaldsnes», med prest om bord, som var på veg ut med melding til Røværfolket.

Av dei omkomne høyrde 25 heime på Røvær. 20 % av innbuarane miste livet. Mellom dei omkomne var tretten gifte og ni ugifte menn, fire ugifte kvinner, og fire born i alderen 9-14 år (Borna til den gravlagde).Tretten enkjer sat att på Røvær, med til saman 36 ukonfirmerte born.

Då same uveret natta til 14. oktober kom til Trøndelag, råka det fiskeveret Titran og fiskefloten som låg ute. I den påfyljande Titranulukka miste 140 menneske livet.

Det vart sett igang innsamling til dei etterlatne både på Røvær og etter Titranulukka.

I 1951 vart ei minnestøtte reist på Røvær. Namna på alle omkomne er innhogne på steinen.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «En tragedie». Røvær-samfunnet. Arkivert frå originalen 27. juni 2015. 

Bakgrunsstoff[endre | endre wikiteksten]