Raimbaut d'Aurenga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raimbaut d'Aurenga

Fødd1147
FødestadOrange
Død1173 (26 år)
DødsstadCourthézon
Verka somTrubadur, lyrikar, komponist
MorTiburge of Orange
FarGuilhem d'Omelas

Raimbaut d'Aurenga (f. ca. 1144, d. 1173 ) var ein sørfransk trubadur (oksitansk trobador) og ein av dei meir store diktarane frå mellomalderen.

Raimbaut kom frå ei sidegrein av huset Montepeller. Faren var Guilhelm d'Omelaz og mora Tiburge d'Aurenga, ei dotter av grev Raimbaut II. Frå 1156 var Raimbaut d'Aurenga herre av mellom anna Omelaz (dagens Aumelas), Le Pouget, Montarnaud og Popian. I 1171 arva han ein del av fyrstedømet Orange.

Rundt førti av verka Raimbaut er bevarte. Av desse er det ei rekkje lyriske dikt, enkelte sirventes og ein tenso han skreiv saman med trobairitzen Beatriz de Dia. Dikta hans viser stor begeistring for uvanleg rytmikk og intrikate poetiske former.

Giraut de Bornelh skreiv ein planh, eit sørgjedikt, til minne om Raimbaut etter at han døydde i 1173. Døden Raimbaut er også nemnd i det einaste bevarte diktet tilttrobairitzen Azalaïs de Porcairagues. Azalaïs var elskarinna til eit søskenbarn av Raimbaut, Gui Guerrejat, og kan ha vore den mystiske joglar (dvs. songaren/musikaren) som Raimbaut vender seg til i fleire av dikta sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • A. Sakari: Azalais de Porcairagues, le 'Joglar' de Raimbaut d’Orange. I Neuphilologische Mitteilungen. bind 50, 1949, s. 23–43, 56–87, 174–198.
  • Walter T. Pattison: The Life and Works of the Troubadour Raimbaut d’Orange. 1952
  • H. Walter: Untersuchungen zur Poetik von Raimbaut d’Aurenga. 1991
  • Detlev Schwennicke: Europäische Stammtafeln. bind III.3, 1985, tavle 445
  • Lexikon des Mittelalters. bind VII, spalte 403

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]