Rally

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Petter Solberg køyrer på grus under Rally Kypros, ein del av Verdsmeisterskapen i Rally.
Foto: Leonid Mamchenkov

Rally er ei form for billøp som finn stad på avsperra offentlege eller private vegar, med spesialbygde bilar. Denne motorsporten er kjenneteikna av at han ikkje vert utført på ein resarbane, men i eit punkt-til-punkt-format, der deltakarane køyrer i etappar mellom sett med kontrollpunk. Dei startar i forskjellige intervall frå eitt eller fleire startpunkt.

Deltakarane består av eit mannskap på to personar, der det er ein sjåfør og ein kartlesar. Oppgåva til kartlesaren er å gje sjåføren opplysningar om vegbana, slik at fartsprøvane kan gjennomførast på kortast mogleg tid.