Ramaneffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ramaneffekt eller ramanspreiing er ein optisk effekt, føresagt teoretisk av den austerrikske fysikaren Adolf Smekal, og deretter påvist eksperimentelt av indaren Chandrasekhara Venkata Raman i 1928, noko han fekk nobelprisen i fysikk for. Når lys med ein einskild frekvens blir spreidd av molekyla i til dømes ei væske, får ein del av det spreidde lyset nye frekvensar, som er sum- og differensfrekvensar av lysfrekvensen og molekylet sine eigenfrekvensar, danna ved ein såkalla andreordens vekselverknad. Effekten er særs svak. Han vart påvist ved at ein brukte intenst kvikksølvlys som lyskjelde. No blir han i stor utstrekking studert ved bruk av laserar. Undersøkingar av ramaneffekten gjev opplysningar om molekylet sine eigensvingingar og har stor tyding for molekylforskingen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]