Ramjet-motor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skisse av Ramjet-motor.

Ramjet-motor er ein motor som gjev framdrift i eit fluidum, ved å kaste ut akselerert fluidum bakover, i ei jet-stråle. Ein ramjet er som namnet røper ei form for jet-motor. Sjølv om ramjet teoretisk kan nyttast i fleire fluid, er han mest nytta i luft., og denne artikkelen dreier seg om bruk i luft.

Skilnaden frå ei vanleg gassturbin-jetmotor er at ein ikkje nyttar vifter til å komprimere luft eller som turbin til å ta ut kraft frå eksosgassane. Om ein «rammar» eller råkar borti eit fluidum oppstår ram-trykk framfor objektet som rammar. Ei ramjet-motor nyttar det aerodynamisk trykket som finst framfor motoren i fart gjennom lufta, til å komprimere luft i ein smalnande kanal før lufta når brennkammeret. I brennkammeret blir det tilsett drivstoff i ei samanhengande forbrenning der temperaturen og volumet til luft aukar dramatisk og gassen blir akselerert ut av utløpet og bakover. Eksosgassens hastighet er langt høgare enn motorens hastighet framover. Dermed får ein framdrift.

Ein ramjet er effektiv der ein har høgt ramtrykk. Ein kan produsere ramjet-motorer som er effektive i hastigheter på 2-5 gonger lydhastigheita. I desse hastigheitene er ein spesialtilpassa ramjet typisk meir effektiv (rekna i framdrift/drivstoff) enn ein gassturbin og meir effektiv (rekna i framdrift/vekt) enn ein rakett. Ulempa er at ein må endre den innvendige geometrien i motoren for å tilpasse seg ulike hastigheiter. Under lydhastigheiten er motoren ineffektiv og ved stillstand gir den ingen eller forsvinnande liten framdrift.