Ratio decidendi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ratio decidendi er eit latinsk omgrep som direkte omsett betyr «grunngjeving (rationale) for avgjerda». I rettsleg samanheng blir omgrepet brukt om dei delane av premissane i ein dom som har vore naudsynte for å grunngje resultatet. Formuleringa av ratio decidendi i dommen vil gjerne vere meir gjennomtenkt, og blir difor som hovudregel tillagt større vekt, enn obiter dicta, utsegner i premissane som ikkje har vore naudsynte for å kome fram til konklusjonen i dommen.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]