Refvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Refvik er ei bygd på Vågsøy i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke. Ho ligg på gammal havbotn, 3–4 moh. På vestsida av Refvika ligg den fine 1,5 km lange Refviksanden. Den er kåra til Noregs finaste sandstrand. På motsett side ligg Refvikvatnet. I Refvik er det no ca. 37 hus. Fram til den store brannen i 1872 låg alle husa i klynge. Over 80 hus og 12 låvar vart øydelagde i brannen.