Reiskapen våg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dersom spissen av ei ein meter lang våg er plassert under ein stein, og vågmaten er plassert ein dm frå spissen, får vi ei utveksling på 1:9, slik at eit trykk nedover med kraft 500 N for enden av den lange armen vil resultere i ei kraft på 4500 N i kortenden.

Ei våg er ein enkel reiskap som utnyttar vektstongprinsippet. Reiskapen gjer det mogleg å løfte tunge gjenstandar eller bryte laus ting som sit fast.

Sjølve våga er ei sterk stong, det kan vere ein staur eller eit spett. For at han skal fungere til å løfte med, må ein ha ein vågmat som vert lagt mot eit fast underlag. Kraftoverføringa vert lik forholdet mellom lengdene av armane på kvar side av vågmaten. Eller meir folkeleg sagt: Di nærare vågmaten vert plassert gjenstanden ein vil løfte, di sterkare kraft løftar ein med.