Relay Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Relay Bay
bukt
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 71°30′S 169°32′E / 71.500°S 169.533°E / -71.500; 169.533
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Relay Bay
71°30′00″S 169°31′59″E / 71.5°S 169.533°E / -71.5; 169.533
Relay Bay is located in Antarktis
Relay Bay (Antarktis)

Relay Bay er ein arm av Robertson Bay, kring 5 nautiske mil (9 km) brei, og som ligg mellom Islands Point og Penelope Point langs nordkysten av Victoria Land. Ho vart først vitja den 4. oktober 1911 av Northern Party, leia av Victor Campbell, under Terra Nova-ekspedisjonen, 1910-13. Ho fekk dette namnet fordi dei fann det naudsynt å legge om (relay på engelsk) sledane sine på grunn av det høge trykket frå isen her. Nielsen, Ommanney, Crume og Reuschbreen munnar alle ut i bukta og utøver eit stort trykk på havisen.

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Relay Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).