Ringsaker prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°54′08″N 10°43′21″E / 60.9022585284°N 10.7225648921°E / 60.9022585284; 10.7225648921

Ringsaker prestegard
Foto: Mahlum
Forpaktarbustad
Foto: Mahlum

Ringsaker prestegard ligg like sørvest for Ringsaker kyrkje i Ringsaker kommune i Innlandet.

Både prestegarden og kyrkja har røter attende til mellomalderen. Hovudbygningen er eit laftebygg i to etasjar med ståande panel. Bygningen vart oppført for sokneprest Christopher Anker i 1747–48 etter at den førre bygningen brann i 1746. Han har kjellarrom frå mellomalderen og vart vesentleg endra omkring midten av 1800-talet. Forpaktarbustaden er eit laftebygg i to etasjar frå siste halvdel av 1700-talet. Begge bygningane er freda, og det finst òg driftsbygningar. Hageanlegget vert av Riksantikvaren datert til andre kvartal av 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]