Romersk konsul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flavius Anastasius, konsul for Austromarriket i år 517, med septer og mappa, eit klede brukt til å signalisera byrjinga av hesteløp ved Hippodromen til Konstantin. Elfenbeinspanel frå konsul-diptyken hans.

Konsul (latin consul) var det høgaste embetet i den romerske republikken, og blei halde av to menn for eitt år om gongen. I følgje tradisjonen avløyste konsulordninga monarkiet i 510 f.Kr..

Romarane viste til år ved hjelp av namna til dei som var konsular det året, noko som viste kor viktig embetet var. Til dømes ville dei omtala året 59 f.Kr. som «konsulatet til Cæsar og Bibulus», ettersom dei to konsulane det året var Julius Cæsar og Marcus Calpurnius Bibulus. Fordi konsullistene er tekne vare på er det derfor mogleg å datera mange hendingar i romersk historie mykje meir sikkert enn det ein kan for andre oldtidsrike.

Konsular blei vald mot slutten av året, og embetsperioden tok til 1. januar. Under republikken var minimumsalderen for å bli vald til konsul 40 år for patrisiarar og 42 år for plebeiarar.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.