Roscoebreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roscoebreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Queen Mary Land
 - koordinatar 66°30′S 95°20′E / 66.500°S 95.333°E / -66.500; 95.333
Lengd 22 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Roscoebreen
66°30′00″S 95°20′00″E / 66.5°S 95.3333°E / -66.5; 95.3333
Roscoebreen is located in Antarktis
Roscoebreen (Antarktis)

Roscoebreen er ein kanalisbre i Antarktis, som er 22 km lang og 5 til 9 km brei. Han endar i ein liten dal og ut i vestsida av Shackletonisen, midtvegs mellom Cape Moyes og Junction Corner. Han vart nedteikna som ein dalsøkk i mars 1912 av F. Wild og andre medlemmar frå Western Base under Australasian Antarctic Expedition leia av Mawson. Breen vart skissert på kart frå flyfoto teken av U.S. Navy Operation Highjump, 1946–47, og namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter John H. Roscoe, ein geografi som skreiv Antarctic Bibliography (Washington, 1951), og som var vitskapleg rådgjevar for direktøren i United States Antarctic Program. Roscoe tente som kartkonstruktør med den sentrale arbeidsgruppa til U.S. Navy Operation Highjump, 1946–47, og med U.S. Navy Operation Windmill, 1947–48, og assisterte sistnemnde med å opprette astronomiske kontrollstasjonar langs Wilhelm II, Queen Mary, Knox og Budd Coast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Roscoe Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).