Rulett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spinnande ruletthjul med kule.
13-02-27-spielbank-wiesbaden-by-RalfR-079.jpg

Rulett er eit sjansespel. Ein croupier snurrar eit ruletthjul som har 37 eller 38 nummererte lommer der ei kule kan lande. Lommene er nummererte frå 1 til 36 og vekslar mellom raud og sort, der nummer 1 er raud. I tillegg er det ei grøn lomme med nummer 0. På dei fleste ruletthjul i USA, men ikkje i Europa, er det enda ei grøn lomme, med nummer 00.[1]

Dersom ein spelar satsar på eit enkeltnummer og vinnar, er utbetalinga 35 til 1. Innsatsen blir også betalt tilbake, slik at den totalt er gonga med 36. (I eit lotteri ville ein sagt at premien er 36 gangar prisen på loddet, fordi prisen på loddet ikkje blir betalt tilbake i eit lotteri.)

Ein spelar kan satse på nummer, kombinasjonar, rekk, fargar og oddetal/partal.

Innhaldsliste

Strategiar [endre]

Opp gjennom åra har det blitt lansert fleire strategiar eller system som hevdar dei kan slå huset.

Martingale [endre]

Martingale er ein type veddestrategi som oppstod på 1800-talet i Frankrike. Den enklaste forma av denne strategien er laga for krone-eller-mynt. Strategien går ut på at spelaren skal doble innsatsen for kvart tap, slik at når ein til slutt vinnar, vinnar ein alt ein har satsa - pluss den opphavlege profitten. Martingale strategien er seinare mest forbundet med rulett kor sannsynligheten for raudt eller svart er nær 50%.

Fordi ein speler med endelause midlar til slutt vil, mest sannsynleg alltid, til slutt få mynt eller krone (alt etter kva spelaren satsar på), blei martingale sett på som ein sikker veddestrategi blant strategias tilhengarar. så klart hadde ingen av spelarane endelause midlar, og den eksponenttelje voksteren av innsatsen vil til slutt gjere uheldige spelarar som brukar martingale konkurs.

Kasinoa forsvarar seg også mot systemet, i form av eit øvre tak på kor mye ein kan spele for.

D'alembert systemet [endre]

D'alembert systemet er også kalla for pyramidesystemet. Det er basert på ein matematisk teori laga av ein fransk matematikar med same namn. Akkurat som martingale, er systemet favorisert av spelarar som vil prøve å halde risiko og tap på eit minimum. Veddestrategien er veldig enkel: Etter kvart tap, doblar du den siste innsatsen, og etter kvar gong du vinnar, trekkjer du frå ein del frå det neste spelet. Startar du for eksempel med 1 del, vil eit tap auke neste innsats til 2. Er dette etterfølgt av ein siger, er neste innsats 1 igjen.

Systemet byggjar på ein illusjon om at etter kvart tap, er sjansen for siger auka.

Bakgrunnsstoff [endre]

  1. Roulette (norsk).