Rundemanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rundemanen
Høgd over havet 568 moh
Ligg i/på Bergen (Hordaland)
Fjellkjede Dei sju fjella

Rundemanen(568 moh) er eit av dei sju fjella kring Bergen. Toppen er ein del av det same fjellmassivet som Ulriken og Fløyfjellet og er ikkje lett synleg frå Bergen sentrum, og blir av somme ikkje rekna blant dei sju fjella – til fordel for AskøyfjelletAskøy.

Bergen Turlag sin årlege sjufjellstur er Rundemanen det nest siste fjellet ein går over. Då har ein gått over Lyderhorn, Damsgårdsfjellet, Løvstakken, Ulriken og Fløyfjellet, og etter Rundemanen står Sandviksfjellet for tur.

I 1912 vart kystradiostasjonen Bergen Radio etablert på Rundemanen.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Hordaland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.