Saigonelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ferjeovergang på Saigonelva. I distrikt 1 i Saigon. Foto: Tore Sætre.

Saigonelva er den største elva i den søraustlege delen av Vietnam. Ho har fått namnet sitt etter det gamle namnet på Ho Chi Minh-byen, som inntil 1975 heitte Saigon. Elva har i fleire hundreår vore ei viktig handelsrute gjennom Vietnam.

Hamna i Ho Chi Minh-byen vart bygd i 1862, og er tilgjengeleg for store djuptgåande skip. Dette er uvanleg for elvehamner i innlandet, og har ført til at byen er ein av dei viktigaste hamnebyane i landet.