Salar de Uyuni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Salar de Uyuni, foto av Lion Hirth


Salar de Uyuni er verdas største saltørken med ei overflate 10 582 kvadratkilometer. Han ligg i departementet Potosí på 3650 moh. sørvest i Bolivia, og er ein del av høgsletta Altiplano.

På slutten den geologiske epoken pleistocen, var Salar de Uyuni ein del av ein stor innsjø Ballivián. Uttørka, inneheld han i dag natriumklorid i krystallinsk tilstand, steinsalt, samt det mjuke mineralet gips. Det vert årleg tatt ut mindre enn 25 000 tonn salt frå saltørkenen. Reservane kan vere 10 milliardar tonn.

I regntida kan overflata i somme område vere dekt av vatn på overflata, opp til fleire desimeter djupt. Men frå slutten av juni til starten på regntida i starten av desember er sjøen tørr. Kjøretøy kan då ferdas på Salar de Uyuni, med unnatak frå sølete strandsoner, og individuelle vassøyer.

Under salpeterkrigen var byen Uyuni ein garnisonby, i dag eit startpunkt for turistturar i området. Den mest kjente øya på Salar de Uyuni er Incahuasi ca 80 kilometer frå Uyuni.

Salar de Uyuni er eit viktig habitat og hekkeområde for alle tre artar flamingo i Sør-Amerika: chilensk flamingo, andesflamingo og punaflamingo.

[endre] Kjelder

  • Tilsvarande artiklar på engelsk og tysk Wikipedia


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk